Innovare - Håkon Sjåstad Innovare - Håkon Sjåstad

.

OM OSS

Innovare er eit dataselskap med lang erfaring innan programmering. Dei fyrste programma til Innovare blei utvikla allereie i 1985 og var tekniske berekningsprogram for plastrøyr. Seinare blei programutvalet større, støtta for dei ulike plattformanne blei betre, og vi har i dag eit stort utval i programvare som dekkar små og store oppgåver for dei fleste.

Vi utviklar løysingar for private og næringsliv innanfor programmering og webutvikling. Plattformen vi utviklar programvare på i dag er i hovudsak Windows, men og på DOS og Linux. Vi utviklar og leverer også løysingar for internett med størst fokus på LAMP (Linux-Apache-MySQL-PHP). Ein del programvare lagar vi spesialtilpassa kunders behov, alt i frå små programsnuttar til større applikasjonar.

Plassering:

Innovare har kontor sentralt på Stadlandet i Stad kommune, og det blir og jobba i frå Nordfjordeid (også Stad kommune). Dette plasserer oss strategisk godt til, midt på nordvestlandet med god kommunikasjon til Sunnmøre og Nordfjord.

Med en slik lokalisering midt i eit hektisk fiskeri- og maritimt miljø gjev det oss impulsar og idear til raske, stabile og standardiserte løysingar innan programvare, tenester og totalløysingar for næringslivet.

Eit godt samarbeid med røyrleggerbedrifta og røyrdelprodusenten Stadpipe AS på Stadlandet er med på å gje oss nyttige innspel på våre program for røyrberekning.

Foretaket:

Innovare er eit personelig selskap, org.nr. 954047245 etablert 1984 på Stadlandet. I perioda frå 1986 til 2007 var kontoradressa på Eggesbønes i Herøy kommune. Innovare flytta tilbake på Stadlandet våren 2007.


Valid HTML 4.01! Valid CSS!

© Innovare 2010