Oppdatering av Firmapakken, verktøy og administrasjonsprogram
28.12.2022
: iUpdate er oppdatert med fanar og fleire program. No kan også småverktøy, tekniske program og systemverktøy lastast ned og oppdaterast frå dette programmet.
Samstundes er alle programma oppdatert i dag 28.12.2022.
iUpdate er oppdatert med faner og fleire program. No kan også småverktøy, tekniske program og systemverktøy lastast ned og oppdaterast frå dette programmet.
Samstundes er alle programma oppdatert i dag 28.12.2022.
I Firmapakken er det større endringar i personallista. Det er lettare sortering, fleire grupper og lettare administrasjon for mange tilsette og større mengder med innleigt personell. Tilknyting til løn, eksportering av lønsdata er enklare.
Tilgangkontrollen for mange tilsette er gjort sikrare. Det er no støtte for dobbel autentisering i pålogginga.
Teikningslista er forbetra for kontroll, revidering og godkjenning av teikningar. Det er no berre eit enkelt klikk for å publisere teikninga til ordre.
Menyane for tilgangkontroll til dokument er sterkt forbetra slik at det er lett å endre tilgang til store mengder dokument. Firmapakken er no (etter vår oppfatning) det beste systemet for sikker lagring og deling av dokument på marknaden.
I ordrelista er det betre grafisk vising av framdrift og tidsforbruk. Det er knytta til planlegging i ordre som er utbedra i knytningane til resursar (personar og utstyr). Det er nokre nye rapporter/utskrifter i ordrelista. Det er gjort endringar i ordre for å gjere stemplingsprogrammet til ordre meir fleksibel. Det er no mogeleg å stemple inn på standardjobbar i ordrestemplingsprogrammet (Ordre.exe).